Vårens første temakurs i 2012 skjer lørdag 4. februar kl. 12-15 og søndag 5. februar kl. 14-17.
Bernt og Trud beskriver det slik:
Å danse tango kan vere så mykje meir enn å gå på beaten! Trud og Bernt synest at tangoen blir verkeleg fantastisk når vi blir inspirerte av musikken og partneren til å gjere dansen meir variert og dynamisk.
Vi vil gjerne formidle dette vidare, og i musikalitetsklassen vår vil vi utforske dei ulike musikalske kvalitetane vi kan finne i tangoen. Det kan vere ting som å velge / variere mellom forskjellige lag i musikken, å finne rytmiske element å leike med, å leite etter vekslande stemningskvalitetar…
Trud jobbar til dagleg som pianolærar, og Bernt har lang fartstid som tango-DJ både lokalt og nasjonalt/internasjonalt. Dette betyr ikkje nødvendigvis at vi sit på fasiten, men vi har i alle fall stor entusiasme for musikken!
Det finst ingen absolutte sannheiter innanfor dette området – her er det snakk om tolkning, stil og personlegheit. Dette gjer dansen endå meir spennande for oss. Vi håpar at mange har lyst å komme og utforske tangomusikken saman med oss!
Musikklassen passar for alle nivå
For påmelding send epost til kurs@bergentango.no, skriv “TEMA1” i emnefeltet.
Pris er 450,-