Torsdag 14.01. til søndag 27.01.2027
Bergen
Nivå: all levels til advanced, sjekk programmet
Pris: sjekk letsreg
Påmelding er åpen! Velkommen til seminar- og milongaweekend!
Vi startar det nye tangoåret med eit skikkeleg løft: I januar kjem Murat Erdemsel og Silvina Tse til Bergen! Dei er kjende for djup musikkforståing og elegant teknikk, og dansen deira er alltid improvisert.
Murat og Silvina har laga tre kurs med kvar sitt tydelege fokus: fredag handlar om det sosiale dansegolvet, laurdag om musikalitet og søndag om vokabular og rørsle. Kursa er uavhengige, ein kan ta eitt, to eller alle tre (seminar). Full pakke gjev best pris.
Det blir kurs, privattimar, milonga (vert annonsert meir utfyllande etterkvart) og show. Vi gler oss stort!
Fredag 18.00–19.30 Svingar i tett omfavning på fulle dansegolv (Kurs, intermediate)
Fokus på det sosiale dansegolvet.
Ein full milonga, eller eit tettpakka maratongolv, krev sitt: lite plass, mange par og ei ronda som skal flyte. Murat og Silvina jobbar med å forbetre svingane dine i tett omfavning i svært fulle rondaer. Du lærer å gjere svingane kompakte, behagelege og musikalske, slik at dei passar inn i ronda utan å ta plass frå dei rundt deg, og slik at omfavninga held seg stabil og god heile vegen gjennom svingen. Kurset er rett før milongaen, så du kan ta med deg det nye rett ut på dansegolvet same kveld.
Laurdag 12.00–17.00 Musikalitet! Frå orkesteret til Canaro til Biagi, med eit snev av Pugliese (Seminar, alle nivå)
Fokus på musikalitet.
Murat og Silvina held eit 5-timars seminar (med to pausar) der dei tek deg med gjennom eit breitt spekter av tangomusikken: frå orkesteret til Francisco Canaro til Rodolfo Biagi, med eit snev av Osvaldo Pugliese. Kvart orkester har sin eigen karakter, sin eigen puls og sine eigne fargar, og når du høyrer skilnadene, kan du også danse dei. Gjennom dagen får du verktøy til å høyre kva som skjer i musikken og omsetje det til rørsle i paret, slik at dansen din speglar orkesteret som spelar og ikkje berre takten. Murat har halde musikalitetsforelesingar på festivalar og maraton i mange år, og no får du sjansen til å fordjupe deg i musikalitet ein heil dag saman med ei fast gruppe. Innhaldet blir tilpassa nivået i gruppa undervegs.
Søndag 12.30–15.30 Calesita og colgada (Seminar, intermediate og oppover)
Fokus på vokabular og rørsle. Murat og Silvina sitt spesialfelt.
I tre timar jobbar vi med det Murat og Silvina sjølve kallar spesialfeltet sitt: calesita og colgada. I calesitaen («karusellen») står følgjaren på éin fot, medan føraren går rundt og tek følgjaren med i ei roterande rørsle. I colgadaen lenar paret seg ut frå kvarandre i ei kontrollert, nesten svevande rørsle der dei held motvekt. Begge krev presis teknikk, god balanse og tillit i omfavninga. Når vi brukar ei heil økt på desse krevjande tema, får vi tid til å byggje dei opp skikkeleg, frå teknikk og kontakt til korleis du kan bruke dei i din eigen dans. Ein dag med eitt tema gjer ein merkbar skilnad.
Privattimar
Murat og Silvina tek imot privattimar torsdag 14. januar. Ein privattime varer 1 time og kostar 120 euro, som blir betalt direkte til instruktøren. Prisen er den same for éin person og for par. Murat og Silvina underviser kvar for seg. Ta kontakt på tangoabrazo@gmail.com for å booke privattime.
Når og hvor?
Helgeseminar: Torsdag 14. : privattimar, fredag 15. (18.00- 19.30), lørdag 16. (12.00-17.00), og søndag 17. (12.30-15.30) januar er det seminar og milonga fredag, lørdag og søndag. Alle kurs og milonga (2 kvelds- og ein tidleg kveldsmilonga på søndag) vert arrangert på Bergen Barneasyl, Aysplassen 2 i Bergen.
Priser Kurs (per par)
| Billett | Pris per par |
|---|---|
| Full pakke, fredag–søndag (10 % rabatt, ordinært 4 200,-) | 4.050,- |
| Full pakke, fredag–søndag, inkl 3 milonga (10 % rabatt, ordinært 4 750,-) | 4.545,- |
| Fredag: kurs, svingar i tett omfavning (1,5 timar) | 750,- |
| Laurdag: seminar, musikalitet (5 timar) | 2 250,- |
| Søndag: seminar, calesita og colgada (3 timar) | 1 500,- |
Priser milonga (per person)
| Billett | Pris |
|---|---|
| Milonga fredag 20:00–23:00 | 150,- |
| Festmilonga med show laurdag 20:00–24:00 | 250,- |
| Milonga søndag 16:00–19:00 | 150,- |
| Milongapakke, alle tre milongaene (ordinært 550,-) | 500,- |

