Hei!
No håpar eg at alle er klare til vårens feitaste milonga førstkommande fredag!
Vi har nemleg fått i stand ein avtale med Festspillene om å få ha
milonga i foyeren etter Maria de Buenos Aires-forestillinga!
Skotips: Sko med glatt såle!!! Lærsåle eller sneakers med hardplast og
evt. pivoteringsfelt går ok, og jenter, ikkje for spiss stiletthæl!
Det er nemleg ikkje dansegolv i foyeren, men vi har testa teppet midt
under Festspillåpninga i dag =), og det gjekk greit.
Ruskinns- eller gummisåle funkar ikkje. Men det er sjølvsagt mulig at
dei mest ihuga av oss går vidare til ein After Midnight-Milonga i
Jekteviken når Grieghallen kastar oss ut, så det går jo an å ta med
sko for dette formålet også!
Det hadde vore fint om vi kledde oss litt "Buenos Aires" denne kvelden.
-Vi håpar at alle klubbens nye og gamle tanguistas vil komme og danse.
Det er ikkje kvar dag vi får danse i Bergens storstue!
-Det blir ikkje milonga i Jekteviken denne fredagen, men også de som
ikkje skal på konserten er veldig velkomne til å komme til Grieghallen
og danse!
Milongaen blir annonsert, så dette er ein super anledning til å gjere
byens tangointeresserte oppmerksame på vår eksistens, og kanskje få
endå fleire kjekke medlemmer.
Milongaen startar like etter konserten, altså ca 2130, og vi har fått
lov å vere der fram til kl 2400. Det blir åpen bar.
Velkommen!
Tangohelsing, for Tango Abrazo: Trud=)
---------------------------------------------------------------------
Du har mottatt denne e-posten fordi du abonnerer på nyhetsbrev fra Tango
Abrazo. Vi tilstreber oss å sende ut omtrent ett nyhetsbrev per uke.
Dersom du mot formodning ikke ønsker å motta slike e-poster, kan du
sende en e-post til denne adressen:
lokalnyheter-unsubscribe@bergentango.no
Mer informasjon på http://www.bergentango.no/
|