Årsmøte på Zoom

Kjære alle,

No er det tid for ny medlemskontingent og me minner om at alle som øver i Jekteviken eller vil delta på årsmøtet, må ha betalt medlemskontingenten (Sjå meir om å bli medlem i TA her). Årsmøtet er tirsdag 2. februar kl. 19.00 på Zoom. Det betyr at medlemskontingenten må vere betalt innan 31. januar. I år er det ekstra viktig at alle legg inn telefonnummer og e-post-adresse, sånn at me kan få tak i dykk i tilfelle smittesporing.

Har du ei sak til årsmøtet?
Dersom du har ei sak som du vil ta opp på årsmøtet, må du senda ho til styret eller leiar seinast fredag 22. januar. (styret@bergentango.no/ tangoabrazo@bergentango.no)
Innkalling med vedlegg blir sendt ut til medlemmene seinast mandag 25. januar.

Korleis gi fullmakt når møtet er digitalt?
Dersom du ikkje kan delta på årsmøtet, så kan du gi fullmakt til eit anna medlem. I så fall sender du ein mail til leiar kor du skriv kven som skal ha fullmakt til å stemma på årsmøtet på vegne av deg. Den som har fullmakten må då logga seg inn på Zoom med ei ekstra eining (eller device som det også kallast), t.d. telefon, annan PC eller Ipad, kor han skriv navnet til den hen har fullmakt til med BLOKKBOKSTAVAR. Det er berre muleg å gi ei stemme per eining på Zoom. Det betyr også at medlemmer som bur saman må stemma frå kvar si eining. Det digitale rommet til årsmøtet vil opna 30 minuttar før møtet, sånn at alle får tid til å kopla seg opp. Det kan uansett vere lurt (og hyggeleg) å lasta ned appen på førehand og ta ein prøve-Zoom med ein venn.

Sjåast på årsmøtet!

Beste helsing frå Styret
Jørn, Inga, Kennet, Mariya, Mariela og Birgitte (leiar)